Kattnakken babyregndress Dugg – tre
Her er babyregndressen for kolleksjon «Tolvmeterskogen – 2025».
Den er tilpassa dei minste borna, og derfor laga i ekstra mjukt PU Knit-materiale. Det mjuke stoffet gjer det lett for bornet å røra seg. Me anbefaler den spesielt til barnehagestart, slik at det blir enkelt å krypa rundt i sandkassen. Den er også heilt super for dei aller minste borna, slik at dei kan få sitja i graset når det er duggvått på plenen.
Regndressen er lett vattert og held bornet varmt og komfortabelt. Den er utstyrt med slitesterke fotstrikkar som held dressen på plass, gode namnelappar for enkel merking, og refleksar for auka synlegheit i mørket. Vannstoppar på ermar og bein hindrar vatn i å trenge inn, og sveisa saumar sørgjer for at dressen er heilt vanntett. Hetta kan takast av og justerast etter behov, dette gir ekstra sikkerhet i tilfellet bornet heng seg opp i leikestativet o.l.
Med ein vassøyle på 10 000 mm held dressen bornet tørt sjølv på dei mest regnfulle dagane. Perfekt for øs pøs regnvêr og aktive eventyr i all slags vêr!
Velg størrelsen som er nærast bornet si høgde for best passform. Regndressenn kjem i str. 68 – 92.
Vårt regntøy er printa for hand og det kan derfor forekomme små variasjonar i printet. Dette påverkar ikkje kvaliteten i regntøystoffet.
Størrelsesguide:
Er du usikker på på kva storleik som passar ditt born? Sjekk ut størrelseguiden bakerst i biletkarusell.
Eigenskapar:
• Vanntett (10 000 vannsøyle)
• Slitesterk
• Materiale: Polyuretan (PU)
• Vindtett
• Avtagbar hette
• Strikkar under foten
• Sveisa saumar
• Refleks på armar og bein
• Fluorkarbonfri

My1ofNorway skje i silikon - varm pistasj
Konges Sløjd music set petite fsc - tiger
Kambukka Lagoon Kids 400 ml - disco zoo
Liewood Corrina wooden rattle - tuscany rose mix
Konges Sløjd animal bag charm - brown bunny
Konges Sløjd water colors tin box
Ferm Living Lane Rug - off-white/chocolate
Liewood Debbie baby duvet print - stripe: smoothie yellow/creme de la creme
Cybex PRIAM 2026 Matt Black inkl. Brettbar Liggedel - Sepia Black
Konges Sløjd Clover schoolbag - cherry
Leander Topper til stellematte - cappucino
Liewood Falk water bottle 350 ml - sailing/classic navy 





































